Kalenderpiken sa for siden:
[CENTER]FORELDREPORTALENS FANTASTISKE FØRJULSTRADISJON
-
- årgang -
20
[1 Primrose] [2 Oslo78] [3 Teofelia] [4 Blånn] [5 ingling] [6 celebelen]
[7 Heilo] [8 Tallulah] [9 Luftslottet] [10 Maverick] [11 Stompa] [12 tink]
[13 Blå] [14 Tjorven] [15 star] [16 Albertine] [17 Dali] [18 Toffskij] [19 Mex]
[20 Syrinx] [21 Pøblis] [22 Nenne] [23 Timar] [24 Skilpadda][/CENTER]
Mi kalenderluke er inspirert av ein ganske ny julesong, for meg er det den finaste av dei alle. Denne versjonen eg legg ved her er teksta med teiknspråk, det synast eg gjorde songen om mogleg enda vakrare.
[vimeo]485667818[/vimeo]
Vinteren her til lands er lang og mørk. Og kald. Det taklar vi folk på så ulikt vis. Nokre blir kalde og mørke inni seg, andre omfavnar vinteren med største glede. Uansett kor ein ligg på den skalaen så er det to ting vi treng i denne tida, lys og kvarandre.
Fram mot og i desember byrjar det å skje ting. Mørket ligg tungt, men det vert likevel lysare. Eg er ein av dei som kjenner det løftet ein kan få når det lyser fint i naboen sin hekk eller verandarekkverk. Det mjuke lyset som strålar frå stjerner, hjarter og kransar i vindauga. Samme kor ein snur seg er det lys. Her på Sunnmøre er det raust med kollar og små fjell å ta av. På fleire av dei vert det tent lyslenker forma som juletre eller stjerner, på Sulafjellet er det endatil eit hjarte. I mørket så strålar desse nesten som på himmelen. Det er så magisk fint.
“Tenn eit ljos i juletid, for ein som treng ein eld…”
Nokre uventa gode ord kan lyse opp dagen, veka og meir enn det for ein person. Ein behøver ikkje vere nede eller på ein dårleg stad heller for å setje pris på og kjenne verdien av det. Det handlar om å bli sett, å kjenne at ein har kvarandre. Det er noko alle treng.
I løpet av veka som kjem er planen min å finne roa så godt eg kan. Eg skal tenne levande lys i stova, setje på musikk som gjer godt å høyre på og så skal eg sende eit lite lys, i form av ord, til nokre av dei eg har på mi venneliste.
“Du er'kje åleine på din veg…”