Hver morgen fra og med 1. til og med 24. desember blogges en luke i kalenderen, og her kan man finne noe hyggelig eller morsomt eller nyttig eller fint eller gøy; bilder, vers, aktiviteter, oppskrifter, sjokolade ... Det er bare lukeutøvernes fantasi som setter grensene.
I 1985 låg kassetten Bobbysocks under mange juletre, etter årets braksiger i Melodi Grand Prix. Høgt på ynskjelista kan vi nok tru at a-ha sin Hunting high and low og USA for Africa, We are the world også låg. Mykje ikonisk musikk frå den tida altså, men julekalender på barne-tv, det var det ikkje det året. Såvidt eg veit var det ikkje ei einaste mor som skreiv kronikk om korleis borna fekk øydelagt førjulstida si grunna dette. Nokre ting var faktisk betre før.
Eg veit ikkje, men eg reknar med det var snø i jula 1985. Det var jo alltid snø i jula før. Medan vi venta på at klokka skulle dra seg mot 17, julemiddag og Sølvguttene smurte vi akebretta med stubbar av stearinlys for (udokumentert) betre glid. Eg gjekk sikkert fyrst inn att, småsur fordi storebroren min kom fyrst i mål kvar gong og garantert hadde juksa. No skjønar eg jo at han truleg berre var ein betre akar enn meg, men slikt er vanskeleg å reflektere over når ein er ei lillesyster på 10 år.
Julefreden senka seg fort når vi kom inn igjen i varmen. Med raude kinn benka vi oss i sofaen med juleunderhaldning på TV og kvart sitt julehefte i hendene. Eg hadde jo gått fyrst inn, så eg hadde fått hendene på Knoll og Tott. Favoritten. På bordet foran oss sto ei stor skål med eit utvalg nøtter. Om ein fann ei “filipine-nøtt” så var det om å gjere å leike filipine med mormor, for då var det størst sjanse for å vinne. Ho brukte å premiere vinnaren med “ein penge”, truleg eit kronestykke. For den kunne ein til dømes kjøpe verdas beste tyggis, Bugg. Tyggisen hadde eksplosiv, god smak som varte akkurat lenge nok til at ein rakk å opne ein ny for smakspåfyll. Mine favorittar var gul-grøn med banansmak og raud med jordbærsmak.
Denne dagen var det også noko så uvant som fri flyt av godteri. Bridgeblanding, twist og Freia dessertkonfekt var faste innslag. Og så, det viktigste. Fruktfatet. Fruktfatet med alle dei gode fruktene. Det var ikkje spart på noko. Epler, pærer, appelsiner og ein stor ananas i midten. Og mandariner. I 1985 åt vi mandariner. Eller gjorde vi det?
Mandarin eller klementin, det er spørsmålet.
Eg er sikker på at dette har vore oppe rundt lunsjbord landet rundt allereie, og at det vil bli diskutert i juleselskap når den tid kjem. Så for å kunne legge den ballen død og frigjere tid til å snakke om dei viktige tinga, som véret til dømes, har eg prøvd å lese meg opp på temaet.
Eg hoppar rett til konklusjonen. Det er klementiner vi et til jul og det var nok det vi gjorde på 80-talet også. Den enkle forklaringa er at no kallast både mandariner og klementiner for klementiner. Det har pågått eit målretta innovasjonsarbeid for å kunne utvide klementinsesongen, og nye sortar av både mandarin og klementin har blitt dyrka fram. Desse er så like at dei kan selgast som samme frukt, altså klementiner.
Men, det er vel ikkje artig når svaret er så enkelt? Dei to fruktene er veldig like, men botanisk er dei ikkje den samme frukta. Mandarin importerast på nyåret, ifølge Bama, og om du kjøper eit eksemplar av frukta i sommarhalvåret er det det mest truleg ekte mandarin du får. (Visste du forresten at Bama er forkorting for Banan-Matthiesen?) Om ein er ein kjennar så kan ein merke ein skilnad i smaken som er meir aromatisk hos mandarinen.
Eg hugsar at vi lærte at om frukta hadde mange steinar så var det mandarin. Var den steinfri så var det klementin. Dette stemmer nok ikkje heilt. I jula i år kan du rekne med å få klementiner med meir steinar enn ein er vant til. Dette er grunna naturleg pollinering frå bier og vind som tar med pollen frå sitrontre. Nokre ekstra steinar altså, men til gjengjeld skal årets avling av klementiner vere ekstra søte og gode grunna den varme sommaren.
God jul! Og skrell deg gjerne ein klementin her og no, dei er proppfulle av C-vitamin.
På leit etter mandarin- og klementinfakta så kom eg over ei juleside hos SSB. Eg vil tru at fleire enn meg kan finne den både interessant og underhaldande. www.ssb.no/utenriksokonomi/faktaside/jul
Så koselig øyeblikksbilde fra åttitallet. :hjerter:
Klementiner har det blitt en del av allerede og jeg satt faktisk å tenkte på denne klementin/mandarin-forskjellen (eller ikke) den ene dagen, men i dag har jeg lært noe nytt. Takk skal du ha! :)
Gjenkjennelig! :hjerter: Men så utrolig rart at det ikke var julekalender i 1985! Det er et rart hull der mellom 84 og 86. :gruble: Kan ikke huske at ingling (10) led noen nød av den grunn, altså.
Jeg elsker klementiner og det har jeg alltid gjort. Den beste julen i mitt minne er den da min mormor ga meg seks bøker (en klassikerserie med litt forkortede utgaver av blant annet De tre musketerer og Greven av Monte Cristo) og ett kilo klementiner. Bare til meg.
Takk for nostalgitrippen! Jeg var 17 år, og sikkert full av opprør. Men til jul ble jeg nok litt barn igjen, med filipine, fruktfat, julehefter og jule-TV. :jupp:
Det var den tiden alle så på samme TV-kanal og alle gikk rundt og sa "Gul Jod" og "jynte puletreet" etter Turi Tarjems nyttårstale fra bake snakkvendt-foreningen den julen. Aj, det var stas.
Og jepp, mandarin-klementin-debatten gikk heftig. Jeg var bedrevitende tenåring og rettet på alle som sa "mandarin". Jeg var sikkert veldig sjarmerende ... not. :fnis:
Haha, dette var velkjent. Takk for nostalgisk tilbakeblikk.
Vi lekte også filipine, og best var det hos farmor og farfar. Der bestemte nemlig farmor at om jeg vant, skulle farfar kjøpe Kinderegg til meg, og om farfar vant skulle pappa kjøpe Kinderegg til meg. Sweet deal, spør du meg.
For å huske om det er klementiner eller mandariner, så tenker jeg alltid "klemz-entiner". :stolt:
Lillebroren min og jeg er ganske jevngamle. Det er under 2 år forskjell. Men mens jeg alltid har vært kompakt bygd, så var han er liten spjæling. Han var atletisk og bedre enn meg i nesten alle idretter. Med to hederlige unntak: kulestøt og aking. Det er rett og slett noen ting man er litt bedre på når det kan legges litt flere kilo i potten. :nemlig:
Koselig luke. Jeg både smakte og lukta barndommens jul :hjerter:
Fun-fact fra Banan-Mathiesen: min morfar hadde en kopis som jobba på «bananbåten». Det endte med at morfar kjøpte en liten ape (altså levende ape)fra han og tok med hjem. Mormor var ikke imponert og apen måtte pent dra tilbake til kompis og bananbåten :knegg:
Tusen takk for at så mange har latt seg underhalde og engasjere av mimringa mi, og artig at mykje er gjenkjennbart.
Eg må seie at apen til bestefaren din tar kaka, Obelix. :humre: Mormora mi hadde ei skilpadde som budde på kjøkkenet hennar. Eg tenkte at det var eksotisk. :knegg:
star: Filipine er når ei nøtt har to kjerner. Ein et kvar sin del og så er det om å gjere å seie filipine fyrst neste gong ein møtast.
Slik spilte vi fillipine: Hvis noen fikk en dobbelnøtt, altså en med to nøtter inni, så kunne man velge seg en motstander i fillipine. Hvis jeg husker det rett, så satte man en dato noen dager frem i tid. Første gang man da så hverandre den dagen, så var det om å gjøre å huske å si "fillipine!!!" først. Det var selvsagt alltid helt dødfødt for mitt vedkommende. :knegg:
Og jeg har alltid sagt mandarin, selv om jeg i et par tiår har blitt opplært til at det er feil. Men nå virker det som om det er mindre feil enn jeg trodde! Så takk!
Ei venninne av meg las teksten og utbraut at denne måtte eg no sende inn til lokalavisa. Etter nokre runder med att og fram kom eg til at å våge å ta plass på den måten er ei god øving for meg. Eg skreiv om "faktadelen" litt slik at teksten vart meir heilheitleg og sanneleg var tilbakemeldinga frå avisa at den kjem med i juleutgåva. Det var no litt stas, da.
Foreldreportalen er i en flytteprosess, denne versjonen av FP er fortsatt under utvikling.
Hvis du vil svare i bloggen, så kan du gjøre det her.