Eg har bestemt meg for å prøve å få til ein diktkonto/"diktkonto" på Instagram og har no mota meg opp i fleire dagar for å tørre å fiske etter følgarar her inne.
Hvis du skulle ha lyst å sjekke den ut så er brukarnamnet mi_verd_i_ord
Den surrar no og går, denne kontoen, men i dag gjorde eg ei personleg oppdaging. Eg tenkte at eg må no gi det eg legg ut nokre hashtaggar, men så stoppa det for meg. Skal eg liksom tillate meg å kalle det eg lagar for #dikt #nynorsklyrikk #poesi osv? Eg får høg puls berre av å nevne det her. "Sjå på ho, kva ho trur ho er", liksom.