Velkommen, Gjest.

< Tilbake til oversikten | Hvem kan lese?

Før julen ringes inn - 11

#1

Kalenderpiken sa for siden:

[CENTER]FORELDREPORTALENS FANTASTISKE FØRJULSTRADISJON

    1. årgang -

11

[1 Appelsin ] [2 Skilpadda ] [3 Elise ] [4 Toffskij ] [5 Maverick ]
[6 Eia ] [7 Malama ] [8 amylin ] [9 Dali ] [10 Fersken ] [11 Syrinx ]
[12 Albertine ] [13 Inagh ] [14 Tallulah ] [15 Kanina ] [16 Tangerine ]
[17 Che ] [18 Floksa ] [19 Magica ] [20 Mex ] [21 Palmen ]
[22 Pøblis ] [23 him ] [24 daffy ][/CENTER]

Desember er ein mørk månad. Dagane er korte og sola står lågt på himmelen. Der eg vaks opp såg vi ikkje sola i det heile, anna enn i fjelltoppane. Men sjølv for dei som bur stader der sola ikkje treng krype over fjell for å vise at ho fins så er desember mørkare enn dei andre månadene i året. Desember, månaden med færrast timar dagslys av dei alle.

I dag er det ti dagar til den aller mørkaste dagen, 21. desember. Då er det vintersolkverv og vi seier ofte at sola snur denne dagen. Det gjer den sjølvsagt ikkje, men frå vintersolkverv blir dagane litt lengre, litt lysare og personleg så håpar eg at dei lyse kveldane kjem nesten før vi veit ordet av det.

Det er mange måtar å ta lys inn i mørketida og eg vil skrive om ein type lys og aktivitet som eg syns at gjer veldig godt, nemleg bålkos. Å gi seg sjølv ei eller fleire slike stunder der tida står stille og bålet gir lys og varme er veldig fint og noko eg anbefalar å prøve å få til. Å kjenne at stress og bekymring slepp taket, det er kanskje ekstra aktuelt i julestria eller som ei pause frå selskap og ståhei i romjula.

Eg likar helst å kome meg ut i naturen for å tenne bål, sjølv om bålpanne i hagen kan vere rett fint det også. Ein slik tur kan vere at vi traskar nokre kilometer og finn ein fin bålplass i skogen eller ved sjøen, eller det kan vere at vi parkerer bilen og går fem minutt til ein bålplass eller ein gapahuk. Eg har mottoet “tur er tur”, og på turkoppen min står det “Små turer er også store”. For slik er det. Å kome seg ut er stort. Uansett.

Eigentleg treng ein kun ved og opptenning for å sikre seg ei fin stund rundt bålet, men eg likar å gjere litt meir ut av det. Det eine er å lage seg litt fest. Kvardagsbobler i stettglass syns eg alltid høyrer med på tur. Om det er Farris, julebrus eller anna spelar inga rolle, bobler er bobler. I tillegg må det vere varm drikke. Den kan kome frå termos eller kokast opp på kjele over bålet. Varmt blir det i alle fall og det gjer godt i kulda.

Ofte legg vi lunsj eller kveldsmat til bålturane. Matpakke fungerer heilt fint, men å lage mat på bål eller primus er enda betre. Eg vil påstå at det gode, gamle pinnebrødet aldri går av moten. Med grunndeiga til DNT kan ein variere så langt fantasien rekk. Ein favoritt er å rulle pølsa i sukker og kanel før kveilar den rundt pinna og griller. Då får ein perfekt kaffimat. Eller ein kan lage pinnebrød, grilla camembert og fenalår, og litt honning på før ein et. Då snakkar vi luksuslunsj.

Pinnebrød (DNT-oppskrift)

500 g mjøl (bruk gjerne litt grovt mjøl)
2 ts bakepulver
5 ss sukker
1 ts salt
1 dl matolje
ca 2 dl lunka vatn

  • Bland det tørre
  • Spe med vatn og olje til deiga har plastelinakonsistens
  • Form ein klump deig til ei pølse og tvinn rundt ein pinne
  • Steik brødet over glør til det er gjennomsteikt og slepp pinnen
  • Hugs å vri sakte på pinnen medan du steiker brødet

Eg unner alle å kjenne på gleda og den bortimot magiske stemninga rundt eit bål i naturen og legg ved ei lita “turoppskrift” som kanskje kan gjere det litt enklare å bekjempe dørstokkmila.

Konkret førjulsbålkosforslag:

  • Avtal med familie eller vener, eller begge deler, og finn tid og stad for å tenne bål. Om véret er dårleg så hugs at det fins mange flotte gapahukar til fri bruk der ein kan sitje tørt under tak. Ikkje alle har bålplass inne, då tenner ein berre bålet ute og nyt det på litt avstand.
  • Pakk nokre vedkubbar, eg ville hatt minst 4-5, samt opptenningsved/brikettar og lighter eller fyrstikker.
  • I sekken legg du ein termos med oppvarma gløgg, ein boks peparkaker og ein blåmuggost om du likar det. Hugs å ta med kniv.
  • Ta på varme klé og kom deg ut
  • Ekstra: Dei stettglasa med bobler gjer at det blir ekstra stas altså, så hvis du orkar og har egna glass så er det verdt den lille innsatsen

Til slutt vil eg minne om bålvettreglane. Dei hadde fortent eit innlegg for seg sjølv, men søk dei opp og forhold deg til dei.

Eg ynskjer alle ei riktig god jul med lys og (bål)varme.


#2

Blånn sa for siden:

:hjerter:


#3

Inagh sa for siden:

:elsker:



#5

Martis sa for siden:

Så fine tips! Dette har jeg lyst å få til før jul. :hjerter:


#6

Maverick sa for siden:

Vakkert! :hjerter:

"Tur er tur!" er et fint mantra, jeg sier det selv når det er grøsskaldt eller regner kattunger og jeg skal ut med hest eller hund og ingen av oss er motivert for kvantitet. :knegg:


#7

Heilo sa for siden:

:hjerter:


#8

Eia sa for siden:

Bålkos! :hjerter:

Det skal vi gjøre mer av i vinter. Og huske på at tur er tur. Takk for fin luke!


#9

Toffskij sa for siden:

Nydelige bilder, og jeg kjenner lukta av bål og pinnebrød i nesa! :hjerter:


#10

Tallulah sa for siden:

Åh, så deilig! Jeg er ikke så vant med bål, men tenkt at jeg trenger mer av det. :knegg:


#11

Maverick sa for siden:

Dette er et bilde jeg fant igjen av yndlingsbålet mitt, fra en overnattingstur i november 2018, da jeg gikk langs Gjende i Jotunheimen alene med bikkja. Jeg er ikke noe god til å ta pauser når jeg går lange turer alene, men da hadde jeg ikke så mye valg, og bål måtte til - og mestringsfølelsen da jeg fikk fyr under litt kummerlige forhold var helt på topp. :knegg: Begrensa skogbrannfare også, gitt.


#12

Blå sa for siden:

Fin luke og god påminning. Takk


#13

Nenne sa for siden:

Så koselig luke. :) Takk!


#14

Skilpadda sa for siden:

Så fine bilder! Tusen takk for koselig luke, det ser virkelig fint ut med de turene.


#15

Polyanna sa for siden:

"Tur er tur" har jeg jobbet langsiktig med å få inn i skallen til mannen min, som helst vil se 4-sifra på "høyde over havet" før det teller.

Da ungene var små gikk vi ut på stien, ned til elva (800 meter), kastet pinner under broa og stein i vannet, og gikk hjem igjen. Tok halve dagen. :knegg:

Takk for nydelig post, og matinspirasjon!


#16

Pamina sa for siden:

Mål for jula! Fin luke.


#17

Luftslottet sa for siden:

Så vakkert du har det! Takk for fin luke! :hjerter:


#18

Fersken sa for siden:

Kanskje jeg kan finne igjen noe som ligner lyst til å gå tur om jeg greier å overbevise de jeg vil ha med på tur at det trenger ikke å bety en time rask gange eller lengst mulig vekk, men at det holder med en liten rusletur til gapahuken og sette seg ned med niste og varm drikke. :hjerter:


#19

Kanina sa for siden:

Takk for nydelig luke! Jeg kommer nok ikke til å tenne bål, men jeg skal huske å komme meg ut i løpet av desember, ja! Nå ble jeg skikkelig inspirert!


#20

Syrinx sa for siden:

Takk for hyggelige tilbakemeldingar, og for magisk fjellbålbilete, Mave.

Eg var vore ute og tent bål i dag. Tjukk skodde som kom og gjekk ga tidvis trolsk stemning, samt ei ganske intens kulde.

Her er forresten lenke til bålvettreglane, eg gløymde å legge den inn i teksten.

www.dnt.no/turtips/turvett/artikler/bal-nar-hvor-og-hvordan/


#21

Dali sa for siden:

Takk for fin luke! Tur er tur og tur er bål. Elsker bål, selv om lukta av klærne aldri forsvinner. :lol:


#22

LilleT sa for siden:

Takk for fin luke! Tur er tur, og jeg setter i alle fall ekstra stor pris på det lyset jeg får nå i desember, uvisst om det er fordi det er ekstra vakkert eller fordi det er så lite av det.


#23

annemede sa for siden:

TTakn for fin luke!


Foreldreportalen er i en flytteprosess, denne versjonen av FP er fortsatt under utvikling. Hvis du vil svare i bloggen, så kan du gjøre det her.