Som jeg tidligere har sagt, synes jeg nynorsk er vakkert.
Og jeg kan godt skjønne "målfolkets" kamp i tidligere tider.
Men hvis man tenker på dagens Norge - hva er grunnen til at nynorsk fortsatt er obligatorisk som endel av skolegangen til barn i ikke nynorsktalende områder?
Hva tenker man kommer ut av det?
Om det hadde vært to ulike språk, hadde det jo vært opplagt - viktig at alle som bor i samme land forstår hverandre.
Men man har jo ikke noen problemer med å lese nynorsk selv om man ikke behersker å skrive det riktig.
Jeg er oppriktig nysgjerrig på argumentene - så fyr løs!
Som sagt har eg nynorsk som hovudmål, men eg skriv like mykje bokmål.
Og eg føler meg kompetent til å svare, fordi eg jobbar med ein del tekstar i jobben min, pluss at eg er levande interessert i språket vårt, både bokmål og nynorsk.
Grunnen til at nynorsk bør vere like obligatorisk som bokmål er at begge språk er ein del av norsk identitet. Eitt av skriftspråka er sidemål for alle av oss. For meg var bokmål sidemål, men eg må innrømme at eg kanskje hadde lettare for å lære mitt sidemål på grunn av aviser og blad, som er nesten utelukkande på bokmål.
For å seie det slik: Som barn lærte eg bokmål ved å lese Donald Duck. Eg ventar ikkje at dei med bokmål som hovudmål skal kunne lære god nynorsk gjennom Hårek og Vangsgutane på same måten. Så eg hadde fordelar, det ser eg klart.
Argumentet for at alle skal lære nynorsk kan også vere at det faktisk er ein god del av det skriftlege materialet i litteraturhistoria vår som er på nynorsk. Det ER viktig å ha på pensum tekstar av Ibsen, Bjørnson, Kielland, Lie, Skram, Hamsun og mange fleire som blir rekna som nasjonalforfattarar. Desse skreiv på riksmål/norsk-dansk og tildels dansk. Men det finst også nynorske forfattarar som Vinje, Aasen, Sivle, Vesaas (faktisk 2 stk.Vesaas), Garborg pluss ein god del av notidas nynorske forfattarar.
Desse skriv på nynorsk, og har noko å formidle.
Kva er argumentet for å la vere å lære om språket desse uttrykkjer seg på?
Det er vel like naturleg som å lære bokmål.
Og så er nynorsk eit heilnorsk språk, basert på innsamla dialektar som også gir oss kjennskap til kulturen vår, gjennom dialektane som ligg til grunn for skriftspråket.
Ein annan viktig ting er at våre nye landsmenn og -kvinner har bruk for å lære språket. Mange av dei kan godt hende hamnar i Indre Sogn eller på Sunnmøre eller i ei bygd i Telemark, der kanskje flesteparten av med-innbyggjarane snakkar ein dialekt nært opp til nynorsk.
Nynorsk er ikkje eit hobby-prosjekt for spesielt interesserte. Det er eit heilnorsk skriftspråk.
Eg skulle ønskje at bokmålsbrukarar kunne sjå at nynorsk gjer språket vårt rikare, totalt sett.
Språket vårt er i endring, og vi får stadig nye ord i norsk. Det er naturleg. Før eller seinare vil nok dei to skriftspråka våre smelte saman. Men før det skjer er det berre ein fordel at alle lærer begge.
Men eg er imot at det brukast ressursar til å lage to nesten like variantar av offentlege dokument, ein tekst på nynorsk og ein på bokmål. Ta f.eks. NRK-lisens-blanketten som kom no. Kva er vitsen men å skrive tekst på to språk? Alle bør jo ha lært også sidemålet sitt. Vi nynorsk-folk klarer godt å lese eit dokument på bokmål, og bokmålsfolk klarer også å forstå eit nynorsk dokument.
Igjen vil eg oppmode dei som styrer, og andre som kritiserer lære-institusjonane her til lands, om å satse meir på oppdatering av dei lærarane som skal undervise i sidemål. Kunnskapen er i mange tilfelle svært dårleg. Og då blir undervisninga deretter.
Nynorsk er eit språk i utvikling, og kvart år er der endringar til det betre, på same måten som endringar skjer i bokmål. Det er det som er så fascinerande med språk.
Det er så interessant. Og viss lærarane vil vere med på å presentere stoffet med ei bra instilling, då trur eg at alle bokmålsbrukarar vil kunne sjå nynorsk på timeplanen med litt mildare auge.
Det er eit levande språk med kanskje fleire variantar av ord enn i bokmål.
Foreldreportalen er i en flytteprosess, denne versjonen av FP er fortsatt under utvikling.
Hvis du vil svare i tråden, så kan du gjøre det her.