Det er berre å konstatere; parkett er verkeleg ikkje tingen for oss. To år etter at vi la ny parkett i stova, er den full av riper. Dei djupaste hakka let seg vel berre fikse ved å slipe ned parkettet (og det blir ikkje aktuelt før ungane er ferdige med å køyre rundt med diverse på parketten), men er det mogeleg å flikke litt på alle dei tynne, små, kvite stripene som på uforklarleg vis går på kryss og tvers på enkelte områder? Finst det eit slags middel som kan dempe stripene så dei ikkje syner så godt? Dette er ein lakka kirsebærparkett, med litt matt overflate.
Det finnes noe å ha på ja, jeg vet faren min har brukt det på sin parkett. Spør i en eller annen "fagbutikk", f.eks. Maxbo. Tror det finnes sterkere lakkk å ha på enn den som er på når man kjøper parketten, så det kan kanskje være en løsning?
Vi vurderte å slipe parketten da vi for 2,5 år siden flyttet inn i huset vi bor nå. Når vi ser hvordan ungene leker, er vi glad vi droppet det! Vi skal ikke slipe parketten før eldste skal konfirmeres... :)
Konfirmasjonen er nok eit godt tidsperspektiv for sliping her og, trur eg! Det pinlege er sjølvsagt at alle dei djupaste ripene har vi vaksne klart å lage (under flytting av store møblar, som HAR møbelknottar, utan at det hjelpte stort), men alle dei kvite småstripene er nok frå bilar, togbane, gyngehest, og diverse leikar som alle har hatt diverse spisse delar. Og dei lyser verkeleg opp no når vårsola kikkar inn.
Eg takkar så masse for tips, og skal troppe opp hjå den lokale forhandlaren så snart som mogeleg. Eg prøvde å google litt på dette i går, men utan å finne noko. På FP ordna det seg med svar umiddelbart! :tilber: og :blomster: