Velkommen, Gjest.

< Tilbake til oversikten | Hvem kan lese?

Usett bilsete per post?

#1

Bergensis sa for siden:

Det bilsetet me endeleg hadde bestemt oss for er ikkje å oppdrive her i distriktet.

Eg kan sjølvsagt be barneutstyrsbutikken sende eit sete, men er det forsvarleg å sende sånt per post.

Og er det tullete å kjøpe eit sete usett? Det er snakk om nytt sete, ikkje brukt. Britax Secura eller Britax Fixway.


#2

Tangina sa for siden:

Jeg kjøpte Britax Secura usett fra Sverige og fikk det tilsendt i posten. Det gikk helt fint - og vi er strålende fornøyde med setet. Men så hadde vi fått det anbefalt av FPs bilstolekspertise også. :nemlig:


#3

Ru sa for siden:

Bor du i nærheten av Tink? :undrer:
For i så fall skal jeg dit om noen uker. :kan frakte:


#4

Bergensis sa for siden:

Tangina: Kva butikk kjøpte de frå?

Henne bur Tink, da?

Det hadde jo vore veldig snilt av deg, Ru


#5

Ru sa for siden:

Langt inne i en fjord. :knegg:

Jeg aner ikke hvor du bor, Bergensis, så det blir ren, skjær gjetting. :knegg:


#6

Tangina sa for siden:

Fra Barneutstyrsbutikken ved Nordby - :googler: - Babyproffsen.
www.babyproffsen.se/nordby/
Var litt skeptisk fordi jeg måtte oppgi visanr. på telefon og hadde ingen skriftlig kvittering, men det gikk helt fint - og det kom fort (i løpet av en uke, tror jeg det var).


#7

Bergensis sa for siden:

Sender prikk, Ru.

Takk for link Tangina. Finner ikkje prisar der, men kan alltids sende ein mail.


#8

Bergensis sa for siden:

Ikkje umiddelbar fare for at eg dumpar borti deg og Tink på gata, nei:fnise:

Men takk for god intensjon og prikk:nikker:


#9

Tangina sa for siden:

Da vi kjøpte i høst var det i hvert fall billigere enn en Britax Highway på Fru Lyng.


#10

Gerbera sa for siden:

Vanlig pris på britax Secura hos babyproffsen, er 3299 svkr. Men de har hatt 07 modeller på tilbud til 2699 svkr. Mulig de har fler igjen. Jeg kjøpte på Babyshop når de hadde 20%, deres vanlige pris er 3299 kr.

Kjempefint sete forresten.

En liten digresjon til deg Bergensis, er du fornøyd med den nye vogna di??


#11

Bergensis sa for siden:

Endte opp med Duologic etter å ha fått det demonstrert av kompetente tilsette på Gyngehesten i Førde:nemlig: Fornøyd så langt.

Ja, den blir eg berre meir og meir begeistra for:ja:
Det er altså ein Baby Jogger City Elite

Kalesjen:
Den har ei genial kalesje som kan stillast i alle mulige posisjonar og som fungerer kjempefint for å skjerme mot sol.
Den har to titteluker alt etter kva posisjon kalesjen har.
Det er lufting på sidene av kalesjen.

Sittestilling:
Enkelt å regulere vinkelen, god liggestilling. Kunne godt tenkt meg litt meir oppreist sittestilling, men Lillebror trives uansett best med å henge over bumperbaren.

Hjul:
Lufthjul som har god demping.
Svært enkelt å låse framhjulet.
Enkelt å ta av og på hjula.
Utruleg lett å manøvrere. Eg snudde den rundt og rundt sin eigen akse inni ein liten heis.

Håndtak:
Enkelt å regulere. Av ein type gummi som er ok å holde i og som ikkje ryker. Det er ein BOB-liknande sak på håndtaket med med tre små lommer på kvar side av håndtaket. Kvar lomme er stor nok til å romme ei brusflaske. Genial til å ha nøklar, mobil, smokk, vatnflaske mm. i.

Øvrig:
Enkelte av trehjulingane eg har sett, feks. EasyWalker, har vore litt opne i mellom rygg og kalesje, særleg i liggestilling. I dette området har BJCE eit nett og ein mulighet for å dra over eit regn- og vindtett trekk for å gjere det lunare i vind og vær.

Det er mange fine lommer bak på ryggen. Handlekorga rommar overraskande mykje og er mykje enklare å kome til enn eg hadde trudd.

Den er absolut genial å legge saman/slå opp og den tar liten plass.

Det er mulighet for å ha fotstøtte til mindre barn, men den funksjonen har me ikkje benytta.

Eg skulle altså ønske at det var mulig å få rettare vinkel/sittestilling på ryggen. Ein må også vere obs på at når ryggen er i liggestilling, er den mindre stabil enn ei firehjulsvogn. Eg ville ikkje vore komfortabel med å ha den som sovevogn i barnehagen der andre barn fort kan finne på å klatre på vogna med Lillebror ombord. Men ettersom eg har forstått gjelder dette også andre trehjulingar. Utan barn ombord kan det virke som om den kan tippe lett bakover, men tyngdepunktet endrar seg når barnet sitter i.

Eg skjønar ikkje korleis Barnas Hus kan reklamere for denne som "ei enkel sportsvogn" (eller noko i den duren). Den har så mange kjekke finessar som ikkje er å finne på dyrare vogner. Eg var forbredt på å betale 4500 for denne vogna via importør her i Norge, men ho fekk ved ein feil kun levert dei eldre modellane. Så bestilte eg gjennom forhandlar i USA og med frakt og toll, ville det komme på omlag 4000.- Heldigvis vart det kluss med PayPal-kontoen min, og innan eg fekk ordna dette annonserte BH vogna til ein uslåeleg pris. Eg forstår heller ikkje korleis BH har fått pressa prisen så langt ned, for den kostar 400USD og det tilsvarar jo rundt 2000NOK. Så å få den for 2000.- på Barnas Hus var nesten for godt til å vere sant:ja:


Foreldreportalen er i en flytteprosess, denne versjonen av FP er fortsatt under utvikling. Hvis du vil svare i tråden, så kan du gjøre det her.