CENTERHo går han i møte.
Gjev han handa.
Seier - kom,
lat oss gå vegen saman.
Eg stør deg - du stør meg -
om bakkane blir bratte.
Sumardagen blir varmare.
Vinterdagen mindre kald,
om vi kan gje varme til kvarandre.
Eit løfte gjer eg deg no,
knyter kjærleiksbånd.
Men eg skal ikkje eiga deg,
og du skal ikkje eiga meg.
Kjærleik er å vera bunden
og fri på same tid.
Slik skal vår kjærleik vera
og ge liv
til vårt liv saman.[/CENTER]