Velkommen, Gjest.

< Tilbake til oversikten | Hvem kan lese?

Klart Språk

#1

m^2 sa for siden:

Næmmen! Se her da! www.klarspråk.no
(noen her inne som er involvert tro?)

Godtfolk!

Visste du at
· ein av tre nordmenn meiner at vi som arbeider i det offentlege, ikkje er opptekne av å skrive slik at mottakaren forstår?
· 1,3 millionar nordmenn har problem med å fylle ut offentlege skjema?
· ein halv million nordmenn hadde vanskar med å forstå det siste brevet dei fekk frå det offentlege, og at dette gav om lag 100 000 ekstra ærend til dei offentlege kontora?

Innbyggjarar som ikkje forstår tekstar frå det offentlege, kan gå glipp av viktig informasjon om rettar og plikter. Dessutan er uklare tekstar lite effektive fordi folk i neste omgang bed om forklaring på ting dei ikkje forstår.

Vi kan bli betre! Med prosjektet ”Klart språk i staten” vil vi motivere til å betre språket i skjema, brev og andre dokument som folk skal lese eller bruke.

På nettstaden www.klarspråk.no kan du finne hjelp til å komme i gang.

Her finn du mellom anna
· skriveråd
· språkquiz
· spalta ”Tåkeprat” (send gjerne inn forslag)
· morosam minifilm som du kan dele med andre
· tilbod om kurs og økonomisk støtte

Eg vil derfor oppmode alle til å ta ansvar for klart språk. Ei spesiell oppmoding går til de som er leiarar og de som arbeider med kommunikasjon. De vil få ekstra drahjelp dei neste åra frå prosjektet ”Klart språk i staten”. Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) og Språkrådet vil samarbeide om å drive prosjektet fram til 2011. Nettstaden til prosjektet kan de gjere lett tilgjengeleg på intranettet ved å leggje inn ei lenkje til www.klarspråk.no. (Informasjon om korleis du kan gjere dette finn du under Om oss på www.klarspråk.no.)

Før sommaren vil vi dessutan dele ut statens klarspråkspris til ei verksemd som har gjort ein god innsats for å betre språket i skriftleg informasjon til innbyggjarane. Prisen vil vi dele ut kvart år.

I vedlegget til denne meldinga får du òg plakaten ”Ver klar” med råd og tips. Heng han gjerne opp på kontoret, og hugs å skrive så folk forstår!

Beste helsing

Heidi Grande Røys
Fornyings- og administrasjonsminister


#2

Hondacrv sa for siden:

Aj AJ!

Jeg hadde en elev, som fikk brev fra ppt om at han hadde fått innvilget ditt og datt i forbindelse med prøver og eksamen, fordi han har problem med å forstå hva som egentlig står i en del tekster. Han forstod ikke hva som stod i brevet, om ting var innvilget eller ikke. Så kanskje PPT, når de sender ut slike brev, burde ta en titt...


Foreldreportalen er i en flytteprosess, denne versjonen av FP er fortsatt under utvikling. Hvis du vil svare i tråden, så kan du gjøre det her.