To skjønne dvergvedder kaniner blei i dag henta. Ein gutt og ei jente. ( jenta er den kvite og svarte )
Snart 2 månader gamle, så no var mammaen lei av dei :knegg:
Mine unger har vert rimelig ekstatisk i dag. Kan de skjønne kvifor ?
No blir "problemet" å finna navn til dei.
Akkurat det er me sikre på ja. Øyrene har ikkje falt ned enno. Eller, hjå begge to har eit øyra falt nesten ned. Dei ser litt artige ut :knegg: Eit øyre rett opp og den andre hengande ned.
Desse to er søsken og gutten her skal bli kastrert. Så i denne omgang så satser me ikkje på fleire. Men mannen har lyst til å ale opp nokon. Då helst til grytekjøtt. ( den fyren tenker berre på mat :knegg: ) Så me får sjå med tid og stunder.
Skal ha plass og tid til dei og.
Dei kan bu ute heile året ja. Så lenge dei får gått ute heile sommer og høst, så lager dei seg vinterpels som gjer at dei klarer vinteren ute og. Men me kjem såklart til å følgje litt med. Blir det for ille i vinter så tar me dei inn på låven.
Eg satser litt på at gode naboer kan sjå etter dei når me er på ferie. Me kjem uansett ikkje til å vera vekke lenge i slengen.
Me får sjå kva som skjer :knegg: Inntil vidare får det holde med to kaniner til kos. ( ikkje mat )
Viss det kjem ein gjeng med kyllinger her og, så får eg litt å gjera på.
En liten digresjon: Moren til ei venninne av meg fikk en Belgisk Kjempe til 40-årsdagen sin.
Trodde de.
Det viste seg at den hun fikk var drektig med 12 søte små Kjemper, så den familien hadde grytekjøtt i lange tider etterpå!
Heldigvis hadde de gård og god plass til alle kaninene ... :knegg:
Då kaninane var ute på luftetur i kveld så dukka denne opp. Partneren var litt høgare oppe. ( bilda er croppa og blåst opp ein del )
Mannen skjønte endelig kvifor eg insisterer på tak på luftegården for dei dyra som måtte dukke opp her. :knegg:
De er så flotte de ørnene, av og til flyr de superlavt. Husker jeg så ut av vinduet og oppdaget en rett utenfor vinduet nesten. Det er fantastisk med slike dyr så tett innpå, men ikke noe en ønsker skal komme for nært kjæledyrene nei. Tak må de ha, så klart.
I dag fekk dei navnet sitt. Logisk nok så måtte det bli Salt og Pepper. Salt er jenta og Pepper er gutten.
Skjønningane mine. I morgon blir det bygging av utegården deira.