Samboeren min har bursdag i morgen, og siden nokon :flau: ikkje heilt har klart å gjera ferdig gaven, så vurderer eg å gje han den ultimate frokosten. Amerikanske pannekaker med sirup, bacon og eggerøre.
Spørsmålet er vel berre om eg kan laga røra i kveld (etter han har lagt seg) og steike i morgen? Eller mister dei piffen, eller kva pannekaker kan mista, då?
Eg veit det går kjapt, men eg er ikkje akkurat eit morgenmenneske. Planen min var å snika seg ut av senga og setja i gang med steiking av pannekaker og bacon før han er oppe. Men han kommer vel ikkje til å våge å stå opp, i redsel for at eg har blitt gal.