Velkommen, Gjest.

< Tilbake til oversikten | Hvem kan lese?

Bake-off rundstykker med nøtter og tranebær

#1

Hjertensfryd sa for siden:

Denne oppskrifta sto i det siste nr av Spis Bedre.

50 g hasselnøtter
50 g tørka aprikos ( eg brukte mango )
50 g fersk gjær
3 dl fingervarmt vatn
2 ss olje
1/2 dl tørka tranebær
1 ts salt
ca 8 dl sikta speltmjøl ( brukte vanlig sidan det var det eg hadde i hus )
1 dl blanda frø, f.eks, solsikke-, lin- og sesamfrø

  1. Rist nøttene i ei tørr varm steikepanne. Gni av det tynne skallet med eit kjøkkenhåndkle. Grovhakk nøttene. Skjær aprikosen i små terningar.

  2. Smuldre gjæren i ein bakebolle. Tilsett vatn og rør til gjæren er oppløyst. Tilsett 2 ss olje, nøtter, aprikos, tranebær, salt og nesten alt mjølet. Elt deigen i ca 5 minutter. La den heve tildekka i 30 min.

  3. Ta deigen på på benken og elt den godt for hånd. Del den i 15 bitar og form dei til boller. Legg rundstykkene på eit steikebrett kledd med bakepapir. La dei heva tildekka i ca 30 min. Pensle dei med olje og dryss frø over. Dekk til med plastfolie.

  4. Sett brettet i frysaren rett etter heving og frys.

  5. Sett ovnen på 250 grader. Steik dei frosne rundstykkene midt i ovnen i ca 15 minutter.

Dei er himla gode. Kjem til å prøve med litt rugmjøl i dei neste gong eg baker desse.


#2

Mei sa for siden:

Det hørtes jo særdeles lurt ut.


#3

Hjertensfryd sa for siden:

Det er så snadder. Og kjekt å kunna senda med eit slikt rundstykke i matpakka til ungane.


Foreldreportalen er i en flytteprosess, denne versjonen av FP er fortsatt under utvikling. Hvis du vil svare i tråden, så kan du gjøre det her.