Velkommen, Gjest.

< Tilbake til oversikten | Hvem kan lese?

Miljøpolitikk


#2

Didjeridust sa for siden:

Tja...
Ikkje så enkelt det der:
På eine sida skal ein freista å vera miljøvenleg og ikkje skadeleg for klima, noko me alle bør gjera vårt for, og kanskje mest av alt Solheim som bør gå foran med eit godt eksempel.
På andre sida er det slik at skal ein verkeleg få gjort noko med dei kolossale miljø og klimautfordringane me står overfor så krev det samarbeid over landegreinsene og forhandlingar mellom politikarar frå fleire land. Ein får liksom ikkje løyst desse problema med å sitja åleine her heime på berget med gode intensjonar. Og skal ein få til slike forhandlingar er ein faktisk avhengig av å koma seg frå den eine staden til den andre på eit praktisk gjennomførbart vis i høve til korleis timeplanen er.


#3

annemede sa for siden:

Eller man kan senda nokre andre.


#4

Didjeridust sa for siden:

Det er klårt at ein i så stor grad som mogleg må gjera det ein kan for å unngå bruk av slike transportmiddel, men ein må nok kunna rekna med at det ikkje alltid let seg gjera og at medier og opposisjon då finn det opportunt å ropa opp om saka. Er berre slik det er og sjølv dei mest miljø/klimavenlege må av og til sjå seg innhenta av det pragmatiske.


Foreldreportalen er i en flytteprosess, denne versjonen av FP er fortsatt under utvikling. Hvis du vil svare i tråden, så kan du gjøre det her.