Me er på leit etter seng til Lillebror sitt vetle rom. Eg fant denne senga på finn.no, og meldte min interesse sånn ca to minuttar etter at annonsen vart lagt ut. Selgar har ikkje svart, så eg reknar med den er solgt.
Finnes den for salg ein eller annan stad? Det må vere juniorstørrelse.
Ja, eg har sett på den frå Fagmøbler, men eg synes den ser litt spinkel ut på bildet. Eg skal sjå på den når eg ein eller annan gong kjem meg til byen.
Da har me kjøpt denne. Veldig fornøyde:D
Dei gav utmerka sørvis, og sende den i posten mot ein kostnad på 500 kroner.
Me forkasta alternativet til Barnas Hus. For det første skulle dei ha dobbel pris for å sende den. For det andre lekker desse sengene kvae, dvs. det kjem gjennom gule flekker der det er kvistar. Dette informerer dei om på heimesidene til sengene, og eg begge dei to sengene eg har sett på, har hatt denne lekasjen.
Den aller første natta låg han på golvet, men i natt sov han natta gjennom i storgutt-senga si:highfive: