Syrin sa for siden:
Eg har ei lita nøtt å knekke - men har heldigvis ganske god tid.
På forunderlig vis ser det ut til at eg ender opp i ein 60-årsdag til sommaren. Til ein person eg ikkje kjenner (men møtte for 10 år sidan). Han er fransk, multi-millionær, og skal ha ein 4-dagers fest for venner og venners venner (her kjem eg inn) i eit lite chateu (som eg ikkje kan skrive riktig ein gang - hjelp!). Eg, mann og barn er invitert. Det blir nok familiefest trur eg, ute i hagen. Og mykje folk. Eg kjenner ingen, bortsett fra mine svigerforeldre som også skal.
What to wear and what not to wear? Eg er i utgangspunktet ikkje av størrelse petit, men ein ganske fin str. 44/46 med litt sånn mamma-tillegg som eg godt kan leve med. Så blir eg 40 også, og miniskjørt er ikkje aktuelt.
Det er vel ok med skjørt eller bukse? Kjole er eg sjeldan venner med; eg har så kort liv og litt bredde, så dei fleste blir rare. Eg har ein litt kraftig bomullskjole frå danske Staff (?), ganske grov og kanskje litt hippie-aktig. Den sit veldig fint, men blir kanskje for bondetuppe den da :rolleyes: Høge hælar i hagen? neee...
Er Noa Noa noko som franske fruer vil rynke på nasen over? Der er det jo mulig å finne noko som passar min kropp. Er det nokon som veit kva franske millionøser har på seg nu for tiden?