Jada. Eg veit at dette er nok meir blant mine sære interesser. Men dei er ganske så fine. Og det er innmari koselig å ha flokken tråkkande baki hagen.
Det som eg fann ut med andungane i stad, er at dei tar meg for å vera mammaen deira. Så dei fotfølgjer meg. Eg først og 9 unger på rekke bak meg. Sikkert eit artig syn :knegg:
To av tuppene
Hanen Felix. Eldstemann har voldsomt respekt for han her. Men nysgjerrige gutter lærer som regel på den harde måten.
Gjett om dei koser seg. Masse grønt, insekter og deilig sol. ( dei andre tuppene er til avklukking, alt i alt så er det 11 voksne og 5 kyllingar her for tida )
Dei søte små, har sin første luftetur
Smaker dette godt mon tru ?
Dei er fine ! Ein artig ting med desse, når dei blir store så logrer dei med halen.
Kjempesøte!
Vi har jo også noen høner. Hvor er de om vinteren? Har dere laget hus til dem? Vi burde nemlig oppdatert husværet til hønene, og trenger tips...
Åh, dei var kjempefine!!! Eg er glad i fuglar generelt, enten dei er på fuglebrettet, er i andedammen, eller er fri og ville. Forstår godt at ein kan bli glad i ein hønseflokk eller ein skokk andungar :)
Dei bur i samme rommet, om det er vinter eller vår. Er eit rom under låven som me har dei inne i. Har lyst til å oppgraderer litt me og, men det blir ikkje heilt enno.
Avklukking er å få hønsene til å ikkje ligge å ruge. Eg har nokre stabeis som berre vil ligge å ruge. Men dei har ingen egg å ruge på. Så ein risikerer at dei ligger der til dei kreperer. Når ei høne ligger å ruger seier ein at høna er klukk. Så eg held på å avvenne dei med det.
Eg synes jo dei er kjempefine dyr, men eg reknar ikkje med at alle er like einig. Så derfor lager eg berre ein tråd sånn dann og vann. Særleg når det kjem nye dyr til gards.
( og du kan jo komme å sjå dei i levande live til og med )