Eg har funnet ut at eg ikkje likar eg-person. Vert alltid litt sur når eg opnar ei bok og ser at det er (personal) eg-synsvinkel. Eg veit jo at det er eit val som er tatt med stort medvit og at det heilt sikkert er eit godt grunngjeve val frå forfattaren si side, men likevel...:o
Eg likar best bøker med allvitande, vekslande synsvinkel, der forteljaren kan gå inn og ut av det indre livet til personane i romanen. Når forteljaren får til smoothe synsvinkelovergangar, kosar eg meg vilt :knegg: Særleg krimbøker bør ha allvitande synsvinkel, eg-synsvinkel eller han/ho- synsvinkel blir fort litt kjedeleg.
Er kanskje difor eg strir meg gjennom Kampen. Eg må berre fortelje noko litt morsomt frå samtalen mellom meg og bibleotekaren då eg var på biblioteket idag:
Eg: er femmaren komme?
Søt mannleg bibleotekar: Knausgård, ja, den har me her. Du får skumme deg gjennom den og :knegg:
Jeg har aldri tenkt på hva jeg foretrekker - men jeg kan iallefall si at jeg ikke liker Vigdis Hiortvinkelen. Hun gjentar setningene sine på en veldig slitsom måte.
Hun skulle ta seg et glass vin. Vin. Det kom til å smake godt. Det kom til å bli godt med vin - hun skulle ta seg et glass :gaah: lytter til lydbok på vei til jobb