Syrin sa for siden:
Dette er eit skudd i mørket, men kanskje nokon har tips til kor eg skal leite for å finne meir info om eit servise eg har overtatt etter mi farmor. Ho var fødd i 1888 (og dø i 1974 når eg var 4 år). Beklager bildet - er tatt med elendig iphone-kamera i dårlig lys.
Eg likar det godt - kanskje ikkje heilt meg med alle desse blomane, men det er jo fra farmor, og eg gler meg til å ta det i bruk. Eg kan tyde ARABIA på enkelte fat, og har også funne at symbolet under er eit stempel som var i bruk frå 1932-1949.
Eg har så lyst å vite meir - f.eks kva det heiter, slik at eg kan supplere med fleire delar (dersom eg finn det da). Eg har prøvd å google, leite på Ebay etc, men så langt ikkje fått treff. Nokon som har gode tips? SKal eg ta kontakt med fabrikken i Finland? Dei har jo ikkje epostadresse ein gang...