Velkommen, Gjest.

< Tilbake til oversikten | Hvem kan lese?

iPhone - applikasjon for handling

#1

Syrin sa for siden:

Eg prøver å finne ut kva applikasjon som er best for å halde styr på handlelista. Vi har ein nå, men syns den er kjedelig (Shopshop). Der det nokon som har noko å anbefale? Er villig til å betale nokre kroner. Vil ha ei der ein kan lage liste for ulike butikkar, og elles held god oversikt over kva ein treng.



#3

Syrin sa for siden:

Morsomt at du skreiv det, for eg driv og kikkar på den nettopp nå ;) Ser ganske ok ut!


#4

Syrin sa for siden:

...men ser du kan ikkje sende lista i epost til andre. Det er viktig for oss. Mannen må dikterast.



#6

Teofelia sa for siden:

Joda. Det kan jeg.

#7

Syrin sa for siden:

Ah, ok. Ser av kommentarene at det ikkje går sn, men dette er nok endra på :)


#8

Syrin sa for siden:

Ha ha ha, denne måtte eg flire av!
(vurderer den altså ikkje).
itunes.apple.com/no/app/grocery-bingo/id300110834?mt=8

Mine ungar hadde storma langs hyllene for å finne alt - og endt oppå med knust iphone kan eg tenke meg. Dessutan treng eg jo telefonen sjølv, til handlelista mi. Men over there har kanskje barna iphone sjøl? :D


#9

Syrin sa for siden:

Hmm... vurderer "Mealboard", egentlig noko eg har leita etter lenge. Her kan ein legge inn oppskriftene sine (enten på Iphone eller på PC ser det ut til), og lage ein middagsplan for veka, eller vekene som kjem. Du kan generere handleliste ut frå dette OG du kan legge til andre ting som f.eks oppvaskmiddel og såpe, tape og lørdagsgodteri.

www.mealboard.com/index.html

Eg har lenge ønskt meg ein applikasjon der eg kan lage vekemeny, og ut frå dette få ei handleliste. Det fordrar jo at ein gjer ein jobb i starten med å legge inn sine favoritt-oppskrifter, men når den jobben er gjort så har ein jo eit godt opplegg.

Hmm... surfar vidare - og dette er også noko å bruke ein lørdagskveld til :D


#10

Serafin sa for siden:

Hm, denne hørtes lur ut. Det er noe slikt jeg også kunne tenkt meg..


#11

Syrin sa for siden:

Gammal tråd. To år etter kan eg melde om at Mealboard fungerer fantastisk. Vi har pause av og til, men når kvardagane slår inn er Mealboard verkeleg redningen. Den krev at ein set seg ned lørdag morgon (for meg i alle fall). og plukkar ut meny for veka som kjem. Drar så i butikken, og genererer handleliste med to tastetrykk. Eg elskar alle små detaljar som gjer den så praktisk, f.eks at når det står "tomater" på lista, så står det med liten skrift kva rettar dette er tenkt brukt i. For av og til begynner ein å lure på kva tomatene skulle brukast til.

Og eg elskar at det er MINE oppskrifter. MINE klassiske kvardagsoppskrifter, som ein gjerne gløymer ut. Og at eg her kan legge inn oppskrifter (via pc) som eg har lyst til å prøve, f.eks lakseoppskriftene i denne tråden. Alle oppskriftene mine, som eg elskar, har eg nå i baklomma! Heile familien si oppskriftsbok ligg der!

Vurderer seriøst å opprette ein eigen tråd der eg viser korleis appen funnkar, for eg er så fornøgd. Beklagar den reinspikka reklamen, meg eg er heftig begeistra ;)


#12

Snuppa sa for siden:

Kult! Takk for tips. Noe sånt trenger jeg.


#13

Observatøren sa for siden:

Kult!

Vet du om det går an å ha flere kjøkkenskap/pantry? Hadde vært kjekt å ha en versjon for hytta også.


#14

Syrin sa for siden:

Ja, det skal gå an trur eg, men eg har ikkje utforska det.


#15

Syrin sa for siden:

dog er eg ikkje sikker. Det er ein knapp som heiter "pantry", og der er ei liste av varer. Men eg ser ikkje heilt korleis ein kan dele det opp. Eg forstår heller ikkje kva ein skal ha det til. TEnker du å ha ei handleliste for hytta, og ein for heimehuset?


#16

Katinka sa for siden:

Jaaaa! :hyper:


#17

Observatøren sa for siden:

Ja, jeg har en tørrvareliste som jeg forsøker å holde oppdatert. Men det er jo for spesielle familier.


#18

Syrin sa for siden:

tørrvarefamiliar då? :knegg: Eg skal sjå om eg legg til ein oversikt over korleis Mealboard fungerer. Treng litt snapshots og slikt.


Foreldreportalen er i en flytteprosess, denne versjonen av FP er fortsatt under utvikling. Hvis du vil svare i tråden, så kan du gjøre det her.