Syrin sa for siden:
Seriøst, om du kan krysse av for desse tre kriteria i tittelen, sjekk ut Mealboard. Kostar 11 kroner.
For nokre år sidan laga eg og mannen min eit system i Excell der vi fekk ut vekeplan for middagar. Det har fungert greit, men eg har savna å kunne ha tilgang til det alltid (kven hugsar å skrive ut vekeplan kvar fredags kveld), og ein del andre mindre ting. Denne applikasjonen snubla eg over i mi jakt på ei god handleliste på Iphone, jmf. denne tråden.
Mealboard har seriøst alt eg ønsker meg. Du legg inn dine oppskrifter PÅ NETT - ikkje på iphone, og lastar desse ned til dippedutten på Iphone. Her velger du kva middagar du har lyst på kommande veke, etter kategoriar som du sjølv lagar, f.eks kjøtt, fisk, vegetar, take away etc. Fint å kunne dytte inn fisk to gonger i veka f.eks. Ut frå middagsplanen genererer Mealboard ei handleliste, der du i tillegg kan føye på det du treng av andre ting - plaster, såpe og truse til poden. Suverent spør du meg! Alt føyer seg pent inn i ei ordna handleliste, slik at frukt og grønt står saman, frysedisk-varer står saman, etc (du lagar sjølv kategoriane). Sist men ikkje minst: DU KAN SENDE HANDLELISTA TIL ANDRE PÅ EPOST! Veldig viktig :nemlig: Handlelista kan enten lestast som epost eller vedkommande kan ha sin eigen versjon av programmet og laste ned frå nettsida (ein deler på ein konto). Dette siste har eg ikkje testa ut enda, så tas med forbehold.
Eit drawback er at han ikkje taklar norsk tegnsetting når ein lastar opp og ned frå nettet - dette blir spørsmålstegn. Det ser derimot normalt ut dersom ein legg oppskrifter inn på telefon og ikkje driv og overfører frå og til nett.
Slik ser middagsplanen ut (her på engelsk). Sjølv har eg tatt bort frokost og slikt - er berre middag eg er interessert i. Middagane kan enkelt flyttast til andre dagar, slik at ein kan gjerne ombestemme seg etter som Ting Skjer (og det gjer det jo alltid i løpet av ei veke).
.
.
.
Slik ser handlelista ut (også her på engelsk - den du lagar sjølv blir jo norsk). Eg likar veldig at det under kvar vare står kva varen skal brukast til. Det hende vi klødde oss i hovudet når vi sto der tidlegare og skulle ha tak i eit eller anna. Kva skulle vi egentlig med kapers liksom? Var det viktig?
Og her er eit foto av når eg legg inn oppskrift på mannen min sine burgerar. Det er fra nettsida til Mealboard. Mykje lettare å legge inn på nett enn på telefonen så klart (men begge deler går).
Det tar sjølvsagt litt tid i starten. Ein lagar kategoriane først, på telefonen (tar ikkje lang tid). Ein legg deretter inn oppskriftene, og dette er lettast på nett. Så lastar ein ned oppskriftene til telefonen. Lett! :ja: Ein kan gjerne berre skrive inn ingrediensasr og droppe framgangsmåten for kvar rett. Det sparer ein tid på, og ein veit gjerne i utgangspunktet korleis ein lager f.eks burger.
Eg har så langt ikkje sletta dei engelske kategoriane, men kun lagt til mine eigne norske. Eg antar det skal gå greit å slette dei engelske utan at systemet får hikke. Eg ser altså at dippedutten ikkje fiksar æ, ø og å når ein gjer "download" frå nettsida. Dette kan ein sjølvsagt rette opp manuelt på telefonen, men vil gjennoppstå kvar gong ein gjer download.