naima sa for siden:
Pakninga på kjøkkenkrana har byrja lekke, og sidan krana ikkje har barnesikring, varmtvannet er veldig varmt (vil ha det sånn!) og vi har eit barn som sikkert snart vil leike med krana lurte eg litt på å bytte ut krana med ei ny som har barnesikring (og i samme slengen bytte ut servantbatteriet på badet med eit med barnesikring).
Med barnesikring ser eg for meg ein raud knapp som ein må trykke inn for å kunne vri eitt-greps-hendelen mot den varmare delen av kranen, sånn at det er passe handvarmt (eller litt over, iallfall på kjøkkenkrana - kjekt om det er praktisk å skylle ting med) når den står mot barnesikringa.
Problemet er at så vidt eg kan sjå på utvalet feks. på www.bad.no/produkter/blandebatteri/ så finst det ikkje blandebatteri med sånn funksjonalitet....
Samtidig så står det i "alle" "kordan sikre huset mot/for barn"-artiklane at ein bør ha blandebatteri med barnesikring eller skåldesperre. Meiner dei då noko anna enn det eg meiner? Er skåldesperre sånn at det ikkje er fysisk mogleg å få skikkeleg varmt vatn ut av krana? Eg vil jo gjerne ha skikkeleg varmt vatn ut at kjøkkenkrana, og gjerne på badet også (sjølv om badekarbatteriet - med sånn barnesikring som eg tenker på - kan levere det i staden).