Det har seg slik at det nærmer seg bursdagen til underteikna. Rund dag påstås det.
Uansett. Eg ringte min onkel, lettare desperat for nokre dagar sidan. Veden vår minka og det var om å gjere å få tak i meir. Fort. Eg fekk sikra meg dei siste pallane som han hadde. Fekk dei levert på døra i forgårs. Saman med eit litt merkelig kort. "Gratulerer med dagen, varm helsing frå xxx"
Begynte jo å lure. Fekk fatt i nummeret til tante og spurte ho om dei ikkje skulle ha pengar for denne veden ?
Nei, det skulle dei ikkje. Det var bursdagspresangen min dette.
Så eg fekk ein presang som varma. Bokstavlig talt.