Får ikkje limt inn frå Facebook (knotar på fonen), men greia der er at det skal vere lågterskel og gje kjensle av meistring etter kvart som dagane går.
Inga språkpoliti, men man kan jo lære av kvarandre, tenkjer eg.
Eg har ei dialekt som ligg litt opp til nynorsken. Det er mange ord og skrivemåtar som er godkjende. Det treng ikkje vere så komplisert, nynorsk skriftleg treng ikkje vere som dialekter frå innerste fjordarmar på Vestlandet. Det kan sjølvsagt vere slik og, men treng ikkje.
Jeg synes nesten nynorsken er vanskeligere nå som den er mer lik bokmål. Og det er kompliserende at dialekten vår ligger tett opp til nynorsk. Det er lett å blande. Jeg innrømmer glatt at barna våre går i nynorskklasser kun for de sosiale fordelene... Språkmessig er det tungt.
Eg trur mange ikkje får til nynorsk fordi dei ikkje kan eller vil sjå på det som dei ser på eit framandspråk. Dei har liksom for seg at det ikkje skal koste noko og at ein ikkje skal måtte lære seg noko utanåt. Det skal liksom vere mogleg å føle seg fram til kva som er rett. Men det går jo ikkje med noko språk. :hehehe:
Må vi ha denne diskusjonen i en slik tråd som dette også? Og hvorfor er det alltid et behov for å rakke ned på nynorsk? Det er et skriftspråk i landet dere lever i, lev med det! Jeg er så lei slikt ubegrunnet hat. (Trude Mostue har terget meg opp hele uka).
Eg vaks opp med nynorsk i grunnskulen, og er gjerne med på å skrive nynorsk her inne denne veka. Ikkje at eg er så aktiv for tida, men likevel.
Eg kjem frå Sunnfjord, der dialekta er i e-mål (å gjere, og ikkje å gjera, for eksempel), og nynorsken min er nok omtrent som den var i skuledagane. Må innrømme at eg ikkje har fulgt så godt med på endringane dei siste åra.
Har forresten akkurat vore på fjelltur, og hatt dårleg samvit for at eg skreiv den der lille boka mi på bokmål og ikkje på nynorsk.(tenkte at om nokon no plutseleg ville gje den ut, så ville den gamle norsklæraren min bli skuffa :knegg: )
Der trur eg du er inne på noko. Det eg ser på som den største utfordringa for elevar som skal lære nynorsk, er at dei så sjeldan ser målforma i bruk i kvardagen. Det blir noko dei børstar støv av i norsktimene på skulen, og knapt nok det.
Neida, det gjør jeg ikke, men jeg skrev bokmål overalt før, men her ble det ikke akkurat satt pris på, så da gikk jeg over til bokmål, og holder meg til det.
Eg skriv gjerne nynorsk ei veke. Trur ikkje det skal vere noko problem. Eg underviser jo i nynorsk som sidemål, og då eg studerte i Trondheim sat eg i redaksjonen for lagsbladet til BUL i Nidaros - der kunne vi berre skrive nynorsk.
Eg er med! Eg treng treninga! Hadde nynorsk som hovudmål frå og med femte klasse (vi flytta til ny plass) og ut ungdomsskulen. På videregåande valde eg bokmål som hovudmål att, men fekk 6 i nynorsk sidemål. Det er nå 25 år sidan, og eg har omtrent ikkje skrive nynorsk sidan då.
Eg er med. Har hatt nynorsk som hovudmål heile skuletida, men skreiv bokmål då eg studerte. Berre tull eigentleg, nynorsk er jo slik eg tenke og snakka. Fødd og oppvaksen eit steinkast, ja eller ein god joggetur då, frå heimgarden til Ivar Aasen er eg og. :knegg:
Så eg tenke at eg berre skal skrive på nynorsk frå no av.
Tatt bort frå kor? Meiner du verkele å ville fjerne eit målføre som ligg som ein del av grunnlaget for identiteten til mange menneske? Det der er jo på Trude mostue-nivå, og eit åtak på noko som er viktig formange. Makan.
Eg er med. Har nynorsk som hovudmål, men skriv like godt på begge målføre, og nyttar begge deler på jobb.
Eg hadde nynorsk som hovudmål i fleire år, men det er lenge sidan no. Ikkje les eg noko særleg nynorsk, heller (med nokre heiderlege unnatak). Eg kjenner at eg har lita oversikt over lovlege sideformer, og det flyt absolutt ikkje som det gjorde.
Men eg snakkar plutseleg den gamle dialekta mi - eller eigentleg dialekta dei andre på heimstaden min snakka - inni hovudet mitt no når eg skriv nynorsk. Morosamt. :knegg:
Eg er oppvaksen med å skrive nynorsk og likar det eigentleg. Problemet er at eg ikkje er god på å huske reglar, og ein del bøying klarer ikkje å ta intuitivt. Så eg er redd for å skrive feil, og vegrar meg av den grunn.
Nynorsk er hovedmålet mitt frå gammalt av, og liknar dialekta mi. Eg skriv til vanleg kun nynorsk på FB og på jobb, så eg hiv meg på ei nynorskveke lett som ein plett.
Eg blir forbanna på dei som vil ha vekk nynorsken. Nynorsk er ein stor del av identiteten til svært mange nordmenn, og ein svært viktig del av historia vår. At ein berre skal lære eitt skriftspråk på skulen er ein anna ting, sjølv om eg fryktar at nynorskbrukarar då vil velje bokmål og at språket vil bli svekka.
Eg hadde nynorsk som hovudmål på barneskulen, men hugser ikkje mykje. Allikavel synest eg nynorsk skal forbli i skulen, for all del. Elleveåringen hadde forrige veke i lekse å læra teksten på Selmas Song - og da hadde skulen omsatt ho til bokmål fordi dei meinte det ble rart for elevane å synge på nynorsk. Underleg nok gjer dei ikkje det same med engelske tekstar...
Eg kjem i håg då Maverick tok fag på videregående skule(?) da var ho ein rakkar på nynorsk. Eg skriv lite på FB, men eg er med. Eg har knapt nok skreve nynorsk siden eg gjekk på skulen. Heilt amatør.
Dette er ikke å rette på deg, men nå minnet du meg om en grusom forelesning jeg var på. Skrive bøyes har skrive, mens skreve er å spre beina. Og det demonstrerte vår 60-ish år gamle foreleser veldig tydelig sittende på kateteret med kjole på en varm sommerdag. :skremt:
Eg vil gjerne skrive god nynorsk, men slit med at eg ikkje har godt ordforråd eller setningsoppbygging. Eg har berre hatt liksom-nynorsk på ungdomsskulen og litt på videregåande (handel og kontor), men skulle eigentlig brukt nynorsk meir i jobben min. Er heilt amatør. Har og fått kritikk av nynorsken min i jobbsamanheng (var ikkje noko kjekt).
Hmm. Usikker, selvom jeg digger nynorsk. Jeg har hatt samisk som sidemål på ungdomskole og nynorsk da jeg tok studiekompetanse (som voksen) og føler meg i grunnen ustø i begge målformene.
Eg gjekk på nynorskskule, men byrja å snakke bokmål i 3. klasse og då byrja eg å skrive bokmål berre på trass. :p
I 4. klasse fekk me heldigvis ein lærar som tykte det var heilt greit at eg skreiv bokmål.
Haha, ja! Då gikk ALT på nynorsk. Outlook trur fortsatt eg eigentleg vil skrive nynorsk. :haha:
Eg fann igjen nokre gamle mailer frå den tida no nyleg, det var morosam lesing, særskild då mine stakkars kunder gjorde deira aller beste for å svare på nynorsk attende. :hjerter:
Hells to the no.
Jeg vil ha folkeavstemning på hvilket av målførene vi skal videreføre - og ta livet av det tapende målføret. Meningsløs bruk av ressurser å ha 2 mål på 5 mill.
No kan ein vel skrive dokker i staden for dykk? Deke er meir likt mi dialekt, men det er ikkje lov.
Det går fint an å skreve på nynorsk, altså. Men det tyder å spre beina.
Eg er tilhengar av å skrive medan og ikkje mens. Mens er menstruasjon. Men den verste feilen er mangen. "Eg såg mangen folk." :gaah: Det heiter mange i fleirtal. Mange menneske, mange tankar, mange bilar.
Eg melder meg på! :juhu:
Eg er fødd og oppvaksen i nynorsk-land, og hadde nynorsk i heile grunnskulen. Då eg starta på videregåande valde eg bokmål som hovudmål, og etter det har nynorsken blitt meir og meir rusten. Veldig synd, då eg som vaksen er blitt veldig glad i nynorsken!
Det er eg heilt einig i. Det er ei ulukke at samnorsken gjekk i vasken.
(No er eg ikkje for å "ta livet av" eit målføre og er er veldig glad i nynorsk, men gud hjelpe, å ha to nesten-like språk i eit lite land er berre merkeleg.)
Jeg husker så utrolig lite (himmel, det er jo en generasjon siden jeg lærte det), men greier faktisk å forstå både nord,- og lulesamisktalende og gi superkorte svar tilbake.
Ruosstot... no jobbar hjernen min på høggir, men det er kan hende noko liknande som ruoktot på nordlegare samisk. Må lage meg hotlink til giellatekno. :humre:
Det var nok ikke den eneste, men utvilsomt en av de første. I tillegg til boken "Kamelen i Jomarskogen", som antagelig er den eneste boken jeg ikke klarte å lese ferdig på barneskolen. Det var nok ikke en god start.
Eg er med på å skriva nynorsk og fleskar til med a-infinitiv. Har nynorsk som hovudmål frå gamalt av. No skriv eg mest bokmål, på grunn av jobb, men prøver å halda liv i nynorsken på privaten.
Eg merker allereie at det er vanskeleg å skrive nynorsk i ein del trådar som er meir alvorlige. Det kjens som om eg tullesvarer, på eit vis. Håper det ikkje er nokon som tar det ille opp.